Et Svik Mot Barn

Posted: 3rd februar 2020 by admin in Debatt
Tags: ,
Tor Åge Berglid

Eg har fundert litt på korleis ein kunne fått ende på denne «kriginga» og fram og tilbake-trollinga på nettet begge vegar. Kvar gang nokon prøvar med dialog om kva som er gale med barnevernet vil ein få eit stempel eller ikkje verte trudd. Nokon meinar det er familievern eller behov for vern av dei tilsette dette gjeld.

Barneperspektivet blir alltid taparen, og barnevernet har definisjonsmakta og almuen med seg.

Eg kan ikkje fatte kvifor ei feil plassering av born kan forvarast på noko måte. Ikkje er det feil heller- det er grov vald og 21 års strafferamme.

Iallefall med slik framferd som dei sakene eg kjenner til i Stryn som døme.

Ein kan likegodt spørje spørsmåla tosidig -kva «feil/vald» barnevernsleiaren der har gjort når ein vert angrepen på open gate og med så masse kritikk i forkant? Korleis kunne noko slikt skje ?

Kanskje kunne ein grovt oppsummert det slik:

Foreldre som meinar at det ikkje skal vere eit vern for born eller erkjenner at det kan finnes gode personar i systemet-har sannsynligvis manglande foreldre eigenskapar. Det burde alle ha ferdig klargjort som ei forutsetning i ein debatt. Dette ligg til grunn, og ein forutset at det ligg ros i forkant av eit kritisk innlegg. Så er ein ferdig med det og kan konsentrere seg om saka, kritikken og forslaget til løysing. På den andre sida treng ein ikkje gå i forsvar eller projisere vekk poenga, med å vise til andre saker.

Samstundes vil eg seie at ansvarlige lederar/politikarar og «sosionomar/bvpedagogar/fagfolk» som fornektar at her skjer feil – kjem i same gruppe.

Egnethet i hjelpeapparatet

Td ville eg tru at ein sosionom skal vere skikkelig utdanna med erfaringar på eksempel, men mest av alt eigenskapar nok til å ha evnen å lytte til brukaren si erfaring og tilbakemelding. Sette behovet for bistand og hjelp høgare enn sitt eige behov for å forsvare med blind tillit eller nedverdigande haldning. Ikkje kalle nokon for ei enkeltsak som ikkje er verdig deltakar i ein debatt fordi ein er fråteken retten til å bli oppfatta objektiv.

Eg vil «provosere» litt med å seie at når ein ser nokon forsvare systemet, eller kalle noko for enkeltsaker…..så har ein ikkje eigenskapane for jobben.

Eg håpar vi ein gang kan seie at vi krev gjennomgang av denne enkeltsaka framfor det motsette svar. For denne enkeltsaka kan vere den neste 22 juli saka som svar på ein feil. Eller som det største angrepet mot liv, helse, familie og sjølvbilde. Eit angrep av eit såkalla hjelpesystem, der tillit vart brukt i mot seg. Der eit hjelpesystem vart misbrukt av ein sosionom/pedagog/jurist etc som hadde behov for makt. Der dei andre i hjelpesystemet som vart misbrukt og reagerar og ikkje svarar med blind støtte.

Denne haldninga er eit svik mot barn !

Ansvarsfraskrivelse

«Eg køyrde berre toget, eg berre opna døra, eg berre skaffa fyrstikker, eg skrudde berre på krana etc etc..»..alle er ansvarlige/del av eit system ovanfor desse menneska som vart utsett for ein «feil» Det er fyrst når ein opplever heilskapen at ein forstår kritikken utanifrå.

Det burde ikkje vere offera som skal ta denne kampen- dei skulle blitt møtt med forståelse og andre som tok oppgåva. Det burde ikkje vore kalla ein kamp eingang- ei sjølvfølge! Dei som tek tak i denne utfordringa har dei sanne rette kvalifikasjonane for jobben.

Det er berre å skrive under oppropet til Salvesen mfl for å stille på kvalifikasjonslista som eit døme.

Desse enkeltsakene er havari i offentlig sektor. Ei akuttplassering er eit bevis på at borna IKKJE vart oppdaga i tide. Fyrst når den haldninga er på plass……..vil akuttvedtak gå ned. Hjelpelinjer må KREVE å verte involvert før slike vedtak vert gjort.

Havari i offentlig sektor

I dag har vi snart 5 havari for dagen og det burde vore ei heilt anna audmjuk haldning til det fakta. Det er ikkje ein feil, eller ei enkeltsak. Det er eit overgrep og dei med profesjonsansvar burde kreve at det vert teke fatt i. Det er å utvise rette haldning og varslingskultur. Eit slikt system vil gje tillit og rett hjelp til rett tid. Og det er for borna ein jobbar- ikkje foreldra eller systemet.

Som flygar med god innsikt i systemet ser eg det er på overtid med kravet om opprette ein skikkelig kunnskapsrik havarikommisjon- der kvar akuttsak er eit havari i offentlig sektor. Luftfarten har modellane og systema for å gå igang.

Husk- det er born dette gjeld

Tor Åge Berglid

Comments

kommentarer

Comments are closed.