Stryn kommune – barnevern

Posted: 9th juni 2020 by admin in Ytringer
Tags: ,
Tor Åge Berglid
Foto Privat


Ser i Fjordingen at ordføreren i Stryn har invitert Fylkeslegen via skype til neste kommunestyremøte. Dette for å få informert alle politikarane om korleis systemet fungerer og korleis Stryn kommune ligg an. Han oppmodar også andre politikarar til å sitje i ro i båten inntil ein får vite meir. Minner om at avsløringane i Bergen med Fjeld utvalget og i Samnanger med deira granskning tilhøyrer same sikkerheitssystemet som vart vist full tillit sist gang. Som leiaren i Fjeld utvalget uttalte: «Dere trenger en fandens advokat!»


Håpar utspelet til ordføraren er ope og meint slik, at ein no vil setje systemet kritisk under lupa. Ein kan stille seg spørsmålet om Fylkeslegen eigentleg kan reknast som habil til å svare på spørsmålet om granskning etter slike avsløringar ein ser i Vestland.


Det er forskjell på tilsyn og gransking. Det er gransking av om born vert utsette for urett i Stryn kommune ein har bede om. Ikkje ei ny bortforklaring med å vise fram systemet og korleis det teoretisk er bygd opp, men korleis det faktisk fungerer i praksis.


Hadde eg vore politikar, ville eg stillt mange fleire spørsmål kring kvifor det til stadig vert avslørt så mange saker.


Er Fylkeslegen kjent med dei ulike sakene og forholda i Stryn? Eller er det på generelt grunnlag og såleis ingen avklaring å få? Er det Fylkeslegen som har ansvaret for utfalla i Den europeiske Menneskerettsdomstolen (EMD), eller er det vi som sender frå oss arbeid lokalt som har ansvaret? Kan Fylkeslegen garantere at det ikkje trengst ei granskning når dei ikkje kjenner til sakene eller klagemåla i Stryn? Korleis kan ein som lokalpolitikar sjå at krava i EMD vert følgde med å lene seg til svar frå nokon som ikkje kan uttale noko konkret anna enn generelt.


Og ikkje minst viser vel avsløringane i Glassjenta, Fjeld utvalget i Bergen og Samnanger og alle EMD sakene at systemet i Vestland ikkje fangar opp slik det skal?


Spørsmålet ein bør stille seg er korleis kan ein få ei uhilda gransking i Stryn? Kan Fylkeslegen bidra økonomisk slik dei gjorde i Samnanger?


Det er oppsiktsvekkande at ordføraren i Stryn som har sete fleire periodar ansvarleg for helse og sosial treng meir informasjon om systemet. Kva er det han treng meir opplysningar om? Og ikkje minst er det urovekkande at kontrollutvalget ikkje allereie no forstår at dette er deira ansvar å gå inn i. Det er alvorleg at ein må bruke media til å sette fram alvorlige klager, når systemet skulle ha fanga opp dette sjølv.


Eg vil vere like fri som ordføraren og oppmode om at vi denne gongen vert spart for ei «avklaring» med å vise til systemet og ikkje ta tak i innhaldet. Det har ikkje borna fortjent. Lokalpolitikarane bør ikkje blir for bekveme med at det ikkje er behov for å gjere noko meir med problemstillinga.


Granskingane ein viser til har alle møtt motstand, og det er all grunn til å stille spørsmålet ved kvifor. Akkurat no sit kontrollutval og politikarane stille i båten, og vi ventar på at dei skal ta årene fatt og ro helst saka i land for barna det gjeld.

Tor Åge Berglid
Nestleiar i foreninga Barnets beste

Comments

kommentarer

Comments are closed.