Foreininga Barnets Beste pressemelding:

Invitasjon til framsyning av filmen Mrs Chatterjee vs Norway på Stryn Kino tirsdag 18 april kl 18

Etter filmen arrangeraforeininga Barnets Beste ein kort debatt med frammøtte og deltakarar over teams. Det vert mogleg å stille spørsmål frå salen eller via teams møte link

Filmen vert vist i over 130 land, og etterkvart på fleire digitale plattformer som Netflix td.

Fyrste helga vart traileren vist over 30 millionar gangar, og filmen har fått god omtale

Under vår parole «Vakn opp Noreg», viser vi til store oppslag i utanlandske media, og ein debatt som går i utlandet. Eit stort engasjement som burde møtast med norsk media og politiskinteresse.

Filmen tek opp kulturelle skilnadar, men vitnemålaom filmen frå etnisk norske med innsyn er særs tydlege – dette er akkurat slik verkelegheita er !

Filmen er ikkje ein film mot barnevernet, men ein snill versjon med 9 års aldersgrense og viser ei heilt ordinær barnevernsak frå Noreg.

Saka var ei av dei fyrste som gav stor merksemd frå India, og etterkvart har tilsvarande engasjement funne stad i andre land. I tillegg har Noreg no rekord med over 40 saker for Den Europeiske Menneskerettsdomstolen.

Filmen har engelsk tale, men handlingane i filmen er lett å følge. Frå 2023 vert meir ansvar overført kommunane, og foreininga ynskjer fokus på korleis folket kan få innsyn i sitt barnevern og rettsvesen. Eit lukka system prega av mangel på innsyn og sterke påstandar om ukultur og maktmisbruk.

Filmen bør interesse alle foreldre og nær familie, fagfolk med meldeplikt, og ikkje minst dei med politisk ansvar og andre med eit engasjement for barnets beste.

Gro Hillestad Thune, tidlegare dommar i menneskerettsdomstolen har uttalt til VG at filmen bør gjøre at norsk barnevern «våkner». Ho har som kjent jobba lenge for gransking av barnevernet, rettsikkerheit og norske brot på menneskerettar.

– Denne filmen er som fra himmelen sendt, en alvorlig vekker om dårlig praksis, noe som det dessverre er altfor mye av i barnevernet. Norge må våkne.

Ho vil delta på teams etter filmen og tilgjengeleg for spørsmål

I tillegg vil Berit Aarset, tidlegare leiar i Human Rights Alert Norway, som var involvert i 2011, delta i Stryn med innsikt i saka som er basis for filmen.

Geir Kjell Andersland er advokat med særlig kompetanse i barne- og familierett. Han har vore regiondirektør i Bufetat og fylkesnemndsleiar i Fylkesnemnda for barnevern og sosiale saker i Hordaland og Sogn og Fjordane. Han har også vore medlem av fleire offentlege utval. I tillegg har han delteke i granskingar og vil orientere litt om dette arbeidet.

Statsarkivar Yngve Nedrebø trekkjer dei store linjene og har innsikt i ulike granskingar og resultat av slike. Granskingar i Samnanger og ikkje minst i Bergen der byrådet måtte gå av som følge av rapportar om alvorlege misforhold. 

Sjå også NRK dokumentaren Skjulte bånd.

Dette er ein sjanse til at politikarar, media og andre med interesse får innsikt i barnevernet og rettsvesenet. Foreininga og panelet vil sette fokus på behovet for lokale granskingar i valåret som kjem sidan barnevernet no er tillagt enno meir ansvar. Ein må vite og ikkje anta eller tru. Meir openheit, meir demokrati og aldri meir naivitet er ord som forpliktar. Den norske debatten har vore sterkt polarisert, og ein treng ein ærleg debatt om «barnets beste».

Foreininga Barnets Beste

Tor Åge Berglid – Nestleder og møteleiar 

Link til debatten under sending:

https://teams.live.com/meet/9420592438800

Linkar til eit lite utval av mediedekning

Saker frå Dagbladet

BBC – Our World – Norway: Parents Against the State

Norway’s Silent Scandal BBC 2018

VG

Arte reportage : Norvège, familles brisées / Norway, broken families

Professor Marianne Skånland si heimeside

Pressemeldinga går til diverse media i Møre og Romsdal, samt Vestland fylke. Også kopi til partiorganisasjonar i same fylka. Oppmodinga er å ta gransking av barnevernet opp i valkampen og partiprogramma framover. Dette utspelet er for å informere media og ansvarlege om situasjonen i Noreg. Vi ynskjer å bringe ein sjanse til debatt i lokaldemokratiet og utfordrar media til å følge opp i valkampen.

Norske media har ei viktig rolle i å vere vaktbikkje for staten. Det er lokalpolitikarane som sit med ansvaret for at menneskerettane vert følgt i første rekke.

Kontaktinformasjon for oppfølging / intervju av deltakarar får ein igjennom nestleder/møteleiar Tor Åge Berglid mob 95250112

Comments

kommentarer