Ordførar Sven Flo og barnevernet i Stryn

Posted: 19th april 2016 by admin in Nyheter

Verdsfemjande demonstrasjonar sette Stryn på verdskartet den 16. april; frå før er denne perla i det norske fjordlandskapet vide kjent som eit eineståande reiselivsmål. Men denne dagen var ikkje Vestlandet sett på verdskartet pga «Fagre Stryn», men på grunn av brot på mennesrettar.

Det har ulma ute i Europa i lang tid fordi barnevernet i Noreg skiljer foreldre og born som kjem frå land der ute, men etter bortføringa i barnevernregi av fem små born frå heimen på Vestlandet, tok det full fyr! På fire kontinent, i 23 land og på fem stader i Noreg reiste folk seg mot overgrepa, denne dagen. Stryn var ein av dei fem; eit naturleg val fordi det ligg i nærområdet til hendinga som vekte opp so mange!

Demonstrasjonane verda rundt galdt ALLE overgrepa i barnevernregi, og sidan demonstrasjonen var i Stryn, var det ordføraren der som vart intervjua av pressa i etterkant. Det var innbyggjarar frå Stryn som var med å arrangere stemnet, og der var innbyggjarar frå Stryn som elles tok del. Men ingen av dei folkevalde møtte opp for å høyre kva demonstrantane mot barnevernet hadde å fortelje, heller ikkje ordførar Sven Flo.

I Sunnmørsposten 18. april seier ordførar Flo om barnevernsaker: «Slike saker har alltid to sider», og «at ein berre får innsyn i eine sida gjennom media.»

Om det skulle vere slik, kvifor nytta ikkje ordføraren høvet til å vere til stades på Per Bolstad -plassen i heimbygda den 16. april for å få informasjon frå eigne veljarar og andre, direkte?

Eg veit at innbyggjarar i Stryn har informert ordføraren sin om det dei opplever som svært krenkjande handlingar utførd av barnevernet, og at dei meiner barnevernet har brote menneskerettane som er nedfelt i Grunnlova. Likevel seier ordførar Flo til Sunnmørsposten: «Eg har full tillit til barnevernet i Stryn.». Samstundes viser han til at barnevernet har teieplikt som gjer innsyn i arbeidet deira umogleg! Kva byggjer då ordføraren denne tilliten sin på?

Kan ordførar Flo, som har fått mykje negativ informasjon frå innbyggjarar i Stryn forståast anleis enn at han ikkje har full tillit til desse informantane og til veljarane sine?

Margaret Hennum

Appellhaldar på D-Dagen 16. april i Stryn

Comments

kommentarer

Comments are closed.